«Gamle minner» frå Halsnøy


Olina Johanna Sæbø sin innvielsestale

Tale til ein innvielse i Zoar bedehus

Johanne Sæbø (Hilmarsjohanne) mini

Olina Johanna Sæbø (1897-1976)

«Gamle minner» er tittelen på talen. Her fortel ho om gamle dagar  med hovudvekt på aktiviter og hendelser i og utanfor det kristelige foreningslivet på Halsnøy. Nevner også spesielt Silseth i Toftevågen og Enochsen på Sæbøvik som starta mange aktiviteter og verksemder. I tillegg nevner ho Lars Sæbø (far hennar), som blant mykje anna var med i politiske nemnder og religiøse foreningar. Alle var med og byggja samfunnet. Talen er tatt med her fordi den inneheld  verdifull historisk kunnskap frå denne tida.

Når eg er bedt om å skriva ned ett og anna frå gamle dagar, skal eg freista å gjera mitt beste. Men eg er alt blitt for gammal og gløymsk, so det vert nok ikkje slik eg gjerne ville. Det vert å dra fram minner fra min barndom og oppvokster – om dei som då var dei styrande og stellande i bygda, samfunnet – og alt dei fekk gjort. Men eg minnes – de er å finna i dei ymse møtebøker og referater ifrå denna tid -, og dei er visseleg teken vare på så ein kan finna det meir fullstendig.

Eg meinar mann såg leidande personer som handelsmann Anders Silseth i Toftevåg, frua Kristine og sonen Johannes Silseth.

Dei dreiv landhandel, dampskipsexpidisjon, telefonsentral og litt av kvart.

Anders Silseth var mykje med i det åndelege arbeidet. Var med å bygde bedehuset på Tofte og mykje med i møtevirksemdi der. Frua saman med medsystre skipa Kvinneforeningen for DNMS (Det Norske Misjonsselskap).

Fyrste åri var nok møtestaden deira Toftevåg, men då bedehuset vart teke i bruk, flytte dei dit med møti sine. Foreningen som no er 111 år, held til i bedehuset enno.

Johannes Silseth fekk grunnlagt Stavanger Preserving & Sardinfabrikk i Toftevåg med mange arbeidsplassar, og det vart til stor økonomisk framgang for heile bygdi og bygdane på hi sida av Høylandsundet og bygdar i Sunnhordaland. Mange som før hadde sete trongt i det, fekk det no mykje romslegare. Folk med lange vegar eller frå andre bygdar fekk bu på staden då der var 2 arbeidsbustader.

Johannes Silseth hadde gått på gartnarskule og dreiv gartneri. Han planta ut heile jordstykkjer, med små frukttre,og når dei var store nok, selde han dei til folket utover øya – soleis vart det vene frukthagar i kvar manns tun og ikkje lite frukt vart dyrka og omsett.

Johannes Silseth fekk folk vakne og intresserte for mange ting. Soleis var han svært interessert for naturlækjarmetoden og arbeidde ivrig for den . Han meinte det sko verta ei betre folkehelsa om folk ville meir bruka urter, sol og vatn som lækjarråder istaden for mediciner. Han hadde visseleg rett. So arbeidde han for å få ungdomen intressert i, og med på idrott. Han skipa turnlag som hadde oppvisning kvar 17.mai og då hadde dei fine kvite turndraktar. Ja han var ein foreningsmann på mange omkverve (Ordboka: felt eller område).

Eg hugsar kor han i 1905 farta ikring og talde folk å vera med å velja konge! Me måtte verta sjølvstendige! So vart det fastsett ein valdag. Folk sko gå i tog til kyrkje og stemma JA – til Konge. Johannes Silseth teikna eit banner med stort svart JA på kvit botn. Det vart bore i spissen for toget. Me ungane hadde no ingen stemmerett, men me hadde så hug å sjå toget so me fylgde eit langt stykke. Om ikkje rettare eg hugsar so song toget nasjonsongar etter vegen. Det var radt høgtideleg. Og eg trur at alle som hadde røysterett nytta han den dagen i heile landet – for me fekk vår eigen KONGE og vart sjølvstendige. Noko krig med Sverige, den vart det ikkje noko av — so gleda var stor. Ja det vart mange store gleder og høgtidsdagar utover — stor dag då kongen kom til lands med Dronningen og Kronprinsen. Stor dag når Kongen blei krynt – då han sette kongsete i Kristiania (Oslo).

Så attende til Toftevåg. Der vart og fyrste sundasskulen på øyi skipa av dotter til fru Silseth, Marie Wintertun og Sina Sæbø, syster til bankkasserar Johannes Øvrevik. Øvreviknamnet er frå Øystese i Hardanger.

Sundagskulen vart halden på ein sal i Wintertunhuset til dei flutte til bedehuset med han. Der var kvinneforeningar for mest alle misjonsorganisasjonar, ja mannsforeningar og. Sjømannsmisjonens kvinneforeining heldt til kring i heimane hos medlemene.

Mor var med der, så eg minnast foreiningsdagane som store festdagar, medlemene samlast alt om formiddagen. Og sette seg flittig ned med Kardar, Rokk, spøt og saum. Sidan dei kom so tidleg og arbeidde fleire timar, so fekk dei mat 2 ganger. Fyrste målet var meir som ein middag – helst fisk- og andre målet kaffi, potetkake, lefse og skjevemat.

Dei hadde litt lesing og noen ganger sang og las frå ”Bud og Hilsen” sjømannsmisjonens organ. Det vart eg så glad i at eg har helde det frå 14 års alderen, eg held det enno.

Disse foreiningane selde varene sine på auksjon i bedehuset ein dag straks før jol, og folk tok seg tid til å gå på auksjonen om han varde ein heil dag. Kanskje var der ein utsending og frå ein av misjonane som tala. Sers likte me borni at der kom ein utsending for sjømannsmisjonen for dei fortalde so forviterleg fra sjømannslivet, sjømannskyrkjene i ymse land. Jo – det var noko te høyra på.

Kinamisjonen som det då heitte – hadde kvinneforeining ute på Kloster. Kvinner frå Kloster og lenger inne hadde sin samlingstad i Haugastova. Dei og selde dei opparbeide varene sine på auksjon. Og elles hadde sume misjonslam eller sau som dei gav til misjonen. Dei vart og selde auksjonsdagen, andre hadde misjonsåker. Dei hausta poteter og selde på auksjonen. Sume hadde frukttre, dei gav frukt og selde. Folk hadde ikkje so mykje penger å gje i dei dagar men dei gav altso det dei hadde – og pengar vart det av det. Samemisjonen hadde sin kvinneforrening. Det var nokre unge gjenter helst frå Sætre som dreiv den. Dei var dei fyrste som hadde basar på arbeida sine. Eg hugsar fyrste basaren vart helden i skulehuset på Sæbøvik, dei tok 0,25 pr.nr. Eg fekk kjøpa 1 nr., mor hadde ikkje råd å gje kvar av oss meir penger, for me var mange me. Men tenk eg vann 1 par fine brune vottar på det nummeret. Eg kom svært glad og kry heim.

Toftevåg var altso som eit kultursentrum ein hovudstad for øyi, seinare vart Sæbøvik like god.

Enochsen dreiv landhandel der og dampskipsexpedition, telefonsentral, poståpneri, kjøpte opp brisling og sild som vart krydda, salta og seld. Det vart helst kvinner som fekk arbeid med å krydda og salta. Noko seinare skipa Enochsen og Lars Sæbø sardinfabrikken på Sæbøvik og dreiv den i nokre år, til deim selde han til Chr.Bjelland & Co i Stavanger. Han utvida so det vart mange fleire arbeidsplassar. Da har vore ein god arbeidsplass og inntektskjelda til bygdi.

På Sæbøvik heldt og storskulen til og meieriet der bøndene fekk levera mjølki si kvar dag. Der vart ho innvegen, oppskriven – seperert og heilmjølk vart avteken og seld for seg – til byen, skummamjølk fekk bøndene heimatt til folke-og dyreføde, smør kinna dei og på meieriet. Det vart lett salta og knådd ned i fine kvite tunner og sendt til byen. Bøndene fekk oppgjerd kvar månad og såg seg stor mun i pengene.

Ja når eg tenkjer attende – so var det tiltaksame og framsynte menn og kvinner som fekk alt dette igong.

Det var som nevnt Silsethane i Toftevåg, Julius Falch, Landa, Tollak Landa, Johannes Øvrevik far hans Sjur Øvrevik (bankkasserarar ), Olai Sæbø, Lars Sæbø, Enochsen, Johne Nygård som var formann i Finnemisjonen var det innflyttar Nilla Karlsen (seinare Nilla Eide), som var formann.

Elles var det Lars Sæbø som var formann i dei fleste misjonsforeningar attåt at han var med og arbeidde fram alt dette andre som eg har nemt. Han var med i Heradsstyre i fleire år, i skulestyret endå lenger, der han var formann og, JA –han hadde mange tillitsverv.

So kan eg hugsa gamle Sjur O. Sjo som ei god i det kristne arb. Henrik Sjo var ordfører i Fjeldberg i mange år og poståpner på Sæbøvik i mange år.

Namn som byggmeister Andreas Koløy bør og minnast. Han var ein flink og trugen arbeidsmann og med i alt byggjande og kristent arbeid.

Når eg er i kyrkja å ser på dei rosemåla stolpane og korbogen og skrifti over den kjem eg han i hug for det er hans arbeid det. Og ute på Kloster har me Juel-slekta med sjølve stortinsmann Niels Juel, han kan eg ikkje minnast, men sonen Andreas og Inga minnast eg. Inga og mannens syster Anna Juel dreiv sundagsskule i Haugastova nokre år og Anna Naustvik var vist nok og med. Det var den fyrste sundagskulen i Sætre krins. Trulig varde han ikkje so mange år for Anna Juel vart gift i Vikedal og Inga hadde stort hus og huslyd å ta seg av. I Haugastova vart det og drive skule for vaksen ungdom, men det var før mi tid. Eg har høyrd der var ein lærar som heitte Berg for han budde i barndomsheimen min i Sæbø, og eg kjende fleire kvinner som hadde gått på den skulen. Dei var flinke , vakne og intresserte og var med og studde oppunder når noko nytt skulle fremjast.

Dei mest morosame minner eg har frå min oppvekst er frå målstridens dage. Mange av desse menn eg har nemnt gjekk i brodden for å få landsmålet, som me då sa innført i skulane og H.M.Jonassen i småskulen og seinare lærarinne i småskulen frk. Agnete Støyve fra Nordfjord, var og ivrige for å få målet inn i skulen og dei vann slaget, men ikkje utan motstand. Her var mange ivrige riksmålsfolk som var ivrige motstandare og arbeidde for å behalda riksmålet. Eg trur motstanden fekk hardast utover Lars Sæbø for han var misjonsmann og emissær. Han reiste om vintrane i Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjon og tala Guds ord. Dette var ikkje meininga i at han skulle arbeide for målet. Mannen måtte snakkast til rettes. Tenk for ei synd å ta Jesu eige mål frå folket og gje dei til landsmålet istaden, ja dette sa både menn og kvinner som kom på huset for å snakka han til rettes, men då fekk han seg ein god lått ”Trur de Jesus tala riksmål? Veit de ikkje at han høyrde til i eit heilt anna land og tala eit heilt anna sprok enn vårt.?” Bibelen var skriven på Riksmål og då var det greitt att Jesus tala og skreiv riksmål – og no vil du som innbyd folk til å koma til han ta målet hans frå dei. Skynar du ikkje du er på avvegar? Du kjem inn under domen! Gjer eg ikje noko verre enn å vera målmann so trur eg ikkje eg får so hard dom, sa Sæbø, dermed gjekk refserane med uforetta sak.

Der kvinner budde i lag i eit hus, den gamle ivret etter riksmålet, den andre ung og like ivrig for landsmål. Der var det ofte svære diskusjonar dei imellom. Ein dag seier den unge i diskusjonensheten ”de er so fanatiske de riksmålsfolket”. Den gamle skyna ikkje dette frammandutrykket og tok det gale opp, harmdirrande reiste ho seg og slengde i den unge; ”nei det er ikkje me riksmålsfolket som er ”faniske ”det er de målfolket det”. Dermed meinte ho at ho hadde slege fast kven målfolket tente. Men den unge hadde vit til å teia, so det vart stilt i stova. Den unge har sjølv fortalt meg dette, so eg veit det er sant.

Målfolket fekk i gang eit kveldskurs i skulehuset på Sæbøvik der som dei som ville kunne få læra lesa og skriva landsmål.Det var sjølvsakt bare for vaksne, me borni fekk læra det i skulen.

Eg lærde barnemålet i mi skuletid og eg byrja på skulen i1904 – så målet må ha vorte tidleg innført her. På kveldskurset var mange ”elevar” og lærerinne frk.Støyve var lærar, er det meg fortalt.

Ho var et dugande og drivande menneskje. Ho var dirigent for eit blandakor og dei hadde øvingane sine i bedehuset og me borni fekk vera med og høyra på. Dermed lærte me songane me og. Det var storgilt tykte me. Frk. Støyve var og den fyrste kyrkjeorganisten. Ho var flink å spela. Eg hugsar det var ein stor dag då orgelet vart vigsla. Lærar Vevatne var klokkar men han hadde so spe røyst at han måtte alltid ha lærar Jonassen med seg i klokkarstolen til å leia songen. Det var vel helst før me fekk orgel og organist til å leida. Folket gav orgel til bedehuset også. Me borni tykte det var so gildt å få vera med til kyrkje endå me skyna lite kva presten sa, han var austlending og tala fint bymål eller riksmål. Men me skyna no det han las – og så lika me godt å vera med i salmesongan. Me lærde mange salmar soleis og elles lærde me mange salmar heime, på skulen og for presten. Og desse salmane vart ein skatt som me har bore med oss gjennom livet. Preikesundagane fjorde kvar sundag (for presten hadde 4 kyrkjer å preika i) var reine festdagane – alt laurdagen vart klærne tilordna og skorne pussa og sette på plass. Sundagen var me tidleg oppe og ferda oss til, me måtte ha god tid for alle måtte gå. Bussar og bilar var ikkje oppfunnen då. Storfolk som hadde hest og stolkjerre køyrde. Folk ifrå Hillestad, Lauvøya og Valen rodde til Toftevåg og gjekk utover. Folk fra Huglo rodde vel til Kloster og gjekk innover. Når disse innante og utante møtte øyafolket helsa dei høytidleg og kom i godprat, dei kunne ha heile samtalar om både timelege og åndelege ting på kyrkjeveg. Dei vaksne gjekk føre, me borni etter og høyrde på. På kyrkjebakken hadde me god tid både før og etter gudstjenesta. Me helsa på slekt og vener, såg om gravene til slekt og kjende, hadde gjerne ein blomebunndel med som ei helsing til kjær avdød. Me borni gjorde oss kjende med andre born, – såg på klærne, skorne, hårsløyfene og samanlikna med vårt. Men best det var fekk me auga på lensmannen bortme austre kyrkjegardmuren – det var etter gudstjenesta. Han stod der strak og rett med nokre papirark mellom hendene. Nå trekte me oss nærmare dei vaksne for lensmannen var me redd. Me var ofte skremde med han når me gjorde noko gale. Dei vaksne tagna og – og gjorde seg klar til å høyra etter. So las lennsmannen opp kunngjeringar om møter og auksjonar som sko haldast den og den datum. So tok folk på heimveg. Og dei som hadde kort veg bad med seg heim dei som hadde lang veg so det vart gjestebod i mange heimar preikesundagane. Og praten høyrdest lang veg om alt deim hadde høyrt og sett. Men me borni måtte fint vera ute og leika oss til framandfolket var ferdige. Dei sko mettast fyrst, so fekkme borni eta etterpå, det var ikkje alltid me var einige med det, men me laut lyda.

Då me gjekk for presten måtte me ro over til Nordhusøyi og gå like til Fjelbergkyrkja der presten tala med oss, høyrde oss i leksa osb.

I mange timar ja me hadde lang middasstund og åt nista vår med presten fekk seg middag og kvilde. Me var båtlag, 2-3 gjenter og 2-3 gutar i kvar båt. Kvar onsdag var lesardag og var det passelig vind likte gutane godt å sigla, men var det stille måtte me ro og gutane var svære til å kommendera på oss gjentene so me sleit og rodde de me vann. Best lika gutane å skræma oss gjentene, kom det ei nisa, veltande – rodde dei til møtes og terga med at ho sko få kvelva båten, og skreik me i redsla, vart dei berre verre, so me fann ut det at det var best å ikkje visa at me var redde. Men det var ofte moro å ha den turen over fjorden.

So vart det ny målstrid. Målfolket tykte det var for gale å ikkje få syngja dei vene Blikssalmane i gudstjenesta. So vart dei einige om å lysa til Soknemøte etter preika ein preikesundag der folk sko få uttala seg og stemma over om dei sko få innføra minst 2 Blikssalmar i Gudstjenesta. Ja – sundagen kom og mange møtte fram – me ungane og. Me ville no høyra på. Lars Sæbø (som truleg var den fyrste soknerådsformann – og prestemedhjelpar og i den tid) styrde møtet og det gjekk greitt unna, det stod ikkje lenge på før Blikssalmane var innrøysta med stort flertall, ikkje lenge etter vart både nynorsk salmebok og nynorsk alterbok innført. So no er heile gudstjenesta på nynorsk, og no er det berre nynorsk som vert nytta her i bygdi, trur eg vist nok vert alle møtebøker førde på nynorsk, og etter som eg har høyrt skal Fjelberg herad vera med dei fyrste herad i landet som førde møteboki på nynosk. Det var nok før Henrik Sjo si tid so eg veit ikke kven som var ordførar, men det er vel å finna i eit arkiv. Ein ting til har eg hug å nemna frå gamle dagar som eg er storglad for å sleppa sjå no og det er alle som gjekk og bad seg, som dei sa. Det var og smått for enkjer og einslege. Her var ikkje folketrygd som no ikkje trygdekasse ikkje alders-og sjukeheimar. Dei som lite hadde sjølve tok korg og spann og gjekk til bøndene og bad om mjølk, mjøl, flesk og smolt, flattbrød og kva dei berre kunne få. Me hadde gard so der kom ofte einkvan og bad seg og eg ser enno i tankane kor mor fann fram og pakka inn dei ymse matvarer. Ein dag kom ei gamell enkja og spurde om ho sko få kjøpa for 5 øre i halm og 7 øre i flesk men då måtte 2 av oss borni gå ut og læ – og me sa til kvarandre ”Kor mykje mon ho får for 5 og 7 øre?” Men ho fekk det mor kunne lata – utan betaling. Ofte var gamle ikkje sjølvhjelpne, – sette ut til andre og komunnane betalte nokre kroner året. Det var legdekallane og lægdekonene. Og dei som trong, kom og fekk nokre kroner av og til. Far min var også formann i noko deim kalla fattigkassen, Og dei hadde vel ikkje ommør fortjenest. Eg minnes og det var fast offerdag i kyrkja siste preika før jul. Offeret sko delast på dei fatige. Det vart ikkje alltid so mykje på kvar, men litt ein grand extra til jol. Det vart ei lita joleglede som det var dei vel unnt. Eg seier oppatt: Eg er so glad for at dei eldre har fått det betre no. Dei slepp å gå og be seg eller gå til fatigkassa, eller setjast ut på legd. Me bør takka Både Gud og menneskje for det store omskifte.

 

Olina Johanna Sæbø, gifta seg med Hilmar Meyer Eide og busett på Eidsvik. Dei fekk fire born, Eirik, Marta, Lars Olav og Annhild.

Litt tilleggsinformasjon:

Johanna blei som sagt gift med Hilmar. På Halsnøy var det før i tida god skikk og bruk å skilja personar med same navn, ved å laga eit meir beskrivande navn til bruk i dagligtalen. På denne måten var det aldri tvil om kven det  var snakk om. Difor fekk Johanna det Halsnøyiske tilnavnet Hilmarsjohanne fordi ho var gift med Hilmar. Det må og seiast at det slett ikkje var motsatt. Hilmar blei ikkje kalt for Johannehilmar.