Prolog av Marie Sæbø (1901-1983)


Marie Sæbø mini

til Sjømannsmisjonsforeningen sitt 100 årsjubileum i Zoar 23. sept 1979

Marie var mykje brukt til å skrive og framføre sangar og prologar i festlige lag på Halsnøy. Mest i kristelige møter og foreningar, – men også i familiesamlingar. Ho var ein særs dyktig versekunstnar og rimsmed.

 

 

1Når Sjømannsmisjonsforeningen bed inn til 100 årsjubileum og fest
Me helsar dykk alle velkomne som gjest.
Nå vil me oss hyggja så gildt ilag
under Zoars lune og gjestfrie tak.
Og her har me festa så mang ein gong
og vorte velsigna av taler og song.
Så stansar me litt og ser oss attende på dei mange farne år
Då folket vårt levde i trongare kår,
og kunde vel sakna så mangt
men Gudsfrykt med nøgdsemd rådde
dei stræva og stort dei nådde.
Dei var rike i Gud og lydde hans bud
og villige gjekk i hans vingard ut.
Dei skipa foreningar, tok mange tak
ogso for Sjømannsmisjonens store sak.
Og foreningsdagen tok tidleg til,
dei spann og spøta og sydde dertil.
Eg minnest den tid eg var lita, det var festdagar store
Eg ser dei så levande for meg rundt bordet.
Dei la i sanning glans over dagen
Og andakt som oftast heldt Ingeber Hagen,
og Marta fra Dalen og Sønneva Nilsen
så song dei og les ifrå «Bud og Hilsen»
Dette for å nevna nokre få
av dei som utgjorde Sjømannsforeningen då.
2Og nye kom til, mor av si dotter avløysing får
i generasjon etter generasjon i 100 år.
Så gilde dei gamle var,
ein arv det er å gå i deira fotefar.
Og når me framover ser, på neste 100 år
ynskjer me foreningen her vokster og gode kår
med signing og liv til alle
som vil fylgja kallet.
Og handa har har lagt på plogen
«så signe då Gud den gode såd
til groren eingong er mogen»
attende til minna
Så var det vel stas
når utsendingane kom
og kunde fortelja oss om
livet derute — i havn og på skute.
Og ljosbiletkveldar var det store suset
då gjekk me mann av huset.
Og eingong kom her på veggen fram
ein fullriggar flott og stor
og skreve det stod med klåre ord:
Vår ære og vår makt
har kvite seil oss brakt.
3Ja korleis hadde det vore utan vår sjømannsstand
tenk på kva dei fører heim til folk og land,
og på alt dei gjer og gjorde.
For eksempel når me set ikring bordet
og nyter vår risengrynsgraut med sukker, kanel og rosiner.
Og alt av krydder og tørre frukter me får samt apelsiner.
Og kva hadde festen vore utan kaffi i koppen,
den får praten i gong og humøret på toppen.
Nei eg kan ikkje rekna opp alt,
og kva skulde me gjort i vårt land utan salt.
Frå seilskutesletet i storm og sjørokk,
då dei måtte til topps og reva storseil og fokk.
Om dei idag har ein mildare bør
har dei sin heimlengt og sakn som før.
Så lar me minna så vide vanka
og sender vår helsing og varme tankar,
og takkar for alt dei oss gav
i festlege stunder og i kvardagens kav.
Og når så til jol det lid og lakkar
dei ventar på brev og jolepakkar.
Lat oss då syna vår kjærleik og plikt
skriva vårt brev både stort og rikt
og vise dei ikkje er gløymde,
men lata dei sjå i vårt hjarta er gøymde.
Me minnast vil på vår 100 årsdag
kva sjømannen er for vårt land og flag,
og gode ambassadører.
Og når vegen utomlands oss fører
då har me følt det er ei æra
det Norske namn å bera.
4Og me vil heller ikkje gløyma her på vår fest
å takka kvar assistent og sjømannsprest
for alt dei har gjort for vår sjømannsstand
på hav og i land.
Der fårar lurer dei møter opp
og syner omsorg for sjel og kropp
og bed dei inn til varme og fest
i kyrkja og leserom å vera gjest
Og samlar dei om ordet
og nattverdsbordet.
Og gjev dei hjelp og råd,
ved alle høve dei sår den gode såd.
Og mang ein gong fekk dei være
til hjelp i sjukdom og dødens stund
der langt i frå heim og kjære.
Og mange er dei som fann si grav
på det store og brusande hav.
«La ankeret falle, jeg er i havn
i ly for brenningens vover.
Jeg kaste meg i min Frelsers favn
Han som har hjulpet meg over.
Og kjente elskede stemmer kalder
mens ankeret sakte og stille faller
i evighetens lyse land.

 

Litt tilleggsinformasjon:  Marie budde i «Hagen», naboeiegedomen vest for dagens Halsnøy Alders- og Sjukeheim, saman med si syster Hanna. På folkemunne blei dei kalle «Sæbøjentene». Dei to hadde fin og lun humor og hadde sine felles spesialuttrykk som til dømes «Gutter sann». Det var det mest kjente, og brukte det når dei såg eller opplevde noko utanom det vanlege. Etter lang tid med «Gutter sann» kom det forskjellige omskrivingar og forkortingar av uttrykket. Det mest brukte var «Gutér», med stort trykk på e-en. Når Gutér blei sagt, visste alle at det var Gutter sann dei meinte.