Malla Sæbø – humørfylt 100 åring


Malla fylte 100 år 23 mars i 1993.

Lokalavisa «Sunnhordland» var ute med en artikkel i den store anledningen. Intervjuer og skribent var den kjente bladfyken Torleiv Sydnes.

Artikkel i «Sunnhordland»

Sjølve teksten i artikkelen, er slik:


 

– Eg er fødd på Handeland, vart døypt i Holmedal kyrkje og flytta saman med foreldra mine til Fjelberg tre veker gamal. Var i teneste hjå lensmannen i Ølen og hjå Silseth i Toftevåg, før eg i 1917 gifta meg og vart buande i Sæbø på Halsnøy. Jo, ho held styr på livssoga si og er kvikk i replikken Malla Sæbø som fyller 100 tysdag 23 mars 1993.


Flyttesjauen frå Handeland til Fjelberg hugsar ho sjølvsagt ingen ting av sidan ho berre var tre veker gamal. Men frå barndomen og oppveksten på Fjelbergøya har ho mange minne.
Heilt fram til for seks månader sidan budde Malla heime, men beinbrot og sjukdom førte til at ho flytta inn på aldersheimen.
– Her får eg godt stell og kan ikkje få det betre, seier ho, medan det litt svekka synet fangar inn konturane av Fjelbergøya og Borgundnuten.
– Jo, det kriblar litt i kroppen når eg ser desse konturane, det hadde vore kjekt å fått sett seg om på gamle tufter, innrømer den sjarmerande 100 åringen. Malla var den yngste i søskenflokken og vart difor den av borna som var lengst heime og hjelpte foreldra med gardsarbeidet (Retting: Ho var nr fem av sju i barneflokken).
– Eit av mine gjeremål var å få vintraveden i hus. Far fekk kjøpa ved i Jespers-skogen som låg veglaust til, og det var min jobb å føra han heim til støa med færingen. Så var det å bera han på børatau opp den bratte bakken til skuten og få veden i hus. Eg ser enno for meg steinen i støa der eg la ut tauet for å laga bør.
Til Toftevåg kom Malla som butikktaus, men fekk og ansvaret for posten.
– Eg lika arbeidet på Silseth sin butikk, og hadde nok ein liten draum om å få halda fram med arbeidet, men sjå her kva eg fann i Sæbø, ler Malla og syner fram ungdomsbilete av han som vart mannen hennar. Malla tok vare på det ho fann i Sæbø, og 28. april i 1917 vart ho og Samson vigde i Eid kyrkje (Retting: Skal vera Fjelberg kyrkje).
Samson hadde gard, men gjekk og i fullt arbeid på Bjellandsfabrikken på Sæbøvik. Nokre år etter giftarmålet vart han disponent, og Malla måtte dermed ståka med gardsarbeidet.
– Ofte var det stritt i onnene, men eg hadde interesse for gardsdrifta så eg fann trivnad i arbeidet, fortel ho. Spade var viktig reiskap på gardane før gravemaskinen si tid, og Malla handterte spaden som karfolk. Det faste handtrykket då ho ønskte oss velkome fortalde at dette er ein arbeidsneve, krafta er framleis stor.
– Skulle avlinga på garden verta god måtte jorda grøftast, og eg har grove og steinsett mange meter grøft. Heile brotet ovanom huset grøfta eg og fekk i hevd åleine.
Malla og Samson fekk 7 born, og ho minnest godt at ein av sønene trutt og jamt var med når ho mjølka kyrne.
– Mjølkekrakken min var lang, så lang at han nådde over renna. Dette gjorde at det var plass til ein gutepjokk ved sida av meg på krakken. Og eg minnest godt ein kveld han kom og ville sitja ved sida av meg. Er du mamma grei med meg og eg med deg går det godt, sa han. Og Malla tykkjer det var visdomsord som kom frå sonen – Er det ikkje alltid slik at om folk er greie med kvarandre så går det bra, seier ho og er hjartans samd med det sonen sa for 50 – 60 år sidan.
Malla, fortel at ho gjekk 7 år på Brekke skule på Borgundøy, meir skulegonge vart det ikkje. – Men me hadde ein flink lærar så dei som hadde evner og vilje til å læra fekk ei god ballast med kunnskap. Og Malla må ha vore mellom dei som både hadde evner og vilje, for ho har ingen vanskar med å ramsa opp dei mest kjende fjellkjedene i Europa.
Dersom du hadde vore ung i dag trur du det hadde vorte meir enn dei obligatoriske åra i grunnskulen?
– Ja, eg hadde vel følgt « flåten », ler 100 åringen hjarteleg.
– Du har fortalt at gardsdrifta interesserte deg, men kva nytta du fritida di til?
– Fritid kva er det? Nei, farr den einaste delen av døgeret eg hadde fri var om natta når eg låg og sov.
Men etter ein liten tenkepause kjem ho til at ho var med i Sjømansforeningen, og Menighetsfakultetet sin forening. Og fram til ho var 90 var ho og med i Det Norske Misjonsselskap sin forening. Jo, ho har fått tid til mykje Malla Sæbø.
Me dristar oss til og spørja om kva ho meiner om dagens oppkava og stressande samfunn.
– Nei, no vert du for vitskapeleg, svarar den jordnære 100 åringen. Dette får du spørja dei om, ler Malla og peikar på dei to døtrene som er på vitjing.
Og vitjing får jubilanten dagleg av slekt og gamle vener. Men det ville vorte problem med plassen om alle etterkomarane til Malla hadde kome på ein gong, for ho har ikkje mindre enn 25 barneborn, 44 snart 45 oldeborn, og eitt tippoldeborn.
– Som mor til sju hende det vel at du måtte syngja når borna var små og skulle sova. – Ja, det hende rett som det var det, svarar Malla og stemmer i «Kjære gud jeg har det godt», songen ho song til borna medan ho sat på sengekanten.
Røysta er nok ikkje så kraftig som ho ein gong var, men ho er klinkande klår og rein – nett slik Malla sin tankar er.

 

Du kan laste ned en PDF-versjon av artikkelen her:

Malla 100 år Sunnhordland 1993