Galleri Godset


 Innledning

Det historiske bildematerialet som vises her, er primært samlet inn i nærmiljøet på Svalland.  For de eldste bildene, er Helge Toadalen den største bidragsyteren.

Galleriet er inndelt i 5 bolker:

  1. Husmannsplassen
  2. Reiar og Bærta Stueland epoken
  3. Gunvald Stueland perioden
  4. Richard Amlie overtar
  5. Dagens bruk og videreutvikling

Horisontal_collection_I Art Conte C Lines added 2

Husmannsplassen

Det var 3 naust fra gammelt av på Naustnes, derav navnet. Og i vikingtida blir det sagt at her var båtopptrekk. Dette kan
godt stemme når ein ser på den omkringliggjande naturen med bratte berg rett i sjøen.
På 1800-talet var her husmannsplass under Svalland, bruk nr 1, garden til Karl Svalland, seinare Ola Svendsbø og nå
Harald Hetland.
Husmenn som ein veit har budd her er Ola Olsson Svalland (1809-1881) gift med Kari Bjellebø (1811-1876) frå Fjelberg. Han livnerte seg blant anna som dreiar. Dei budde her fra 1845 og fram på 1870-talet. Dei hadde 3 døtre og ein son.
Neste husmann var Pål Anverson frå Hauge, fødd i 1854 og gift med Anna Tindeland (1851-1896). Dei hadde 4 døtre og 4 søner. Han var bøtger. Etter at Pål blei enkjemann i 1896 er det sagt at eldste dottera Karina som då var 13 år var heime og stelte for faren. I tillegg var den øvrige barneflokken då frå 1 til 11 år gamle.
Pål hadde tilgang til ein jordlapp på hovedgarden der han dyrka grønsaker og slikt. Heilt fram til nyare tid blir dette kalla «Pådlastøkkje».

 

Tolleiv Larsson Svalland. f. 1834 + 1863, budde som «inderst» på Naustnes, Svalland. gift med enkje? Siri Ådnesdtr. frå Valestrand, f. 1828.

 Dei eldste boma fødde i Valestrand. Ho budde 1865 i «Næset» under Trondahaugen, og er kalla «huskone» utan jord.

 Born:

  1. a) Marta Torsdtr. f. 1851.
  2. b) Anna Tolleivsdtr. f. 1855 (57?). 1879 gm. Jens Kristian Jensen, Bergen.
  3. c) Samson f. 1860.
  4. d) Lars tvill. f. 1863, d. 1863.
  5. e) Ådne tvill. f. 1863, d. 1864.

 

 

 

Horisontal_collection_I Art Conte C Lines added 2

Reiar og Bærta Stueland

Passasjerskip Reiar Stueland USA 1904

I 1934 vart eigedomen skilt ut frå hovedbruket og kjøpt av ein heimvendt Amerikafarar, Reiar Stueland, fødd 1860 frå Sveio. Han var gift med Bærta Malene Eikås fødd i 1870 på Eikås. Det blir sagt at Reiar Stueland var firkanta – like brei som han var høg – og var råsterk. Han løfta uten problemer ei full salttønne, fra robåten og opp på kaien.

Reiar reiste til Amerika to ganger. Først fra 1904 til 1905 og så fra 1907 til 1910, der han blant annet var fyrbøter i en kornmølle. Begge ganger til Astoria i Oregon, tett ved Portland og utløpet til Columbia river.

Reiar døydde i 1943 og Bærta i 1953, begge 83 år gamle.

Ein stor takk til Jorunn Sandven, Norheimsund, som har bidratt med mye informasjon om Stuelandslekta.

Besøk sommeren 2006

Stikkord om historien, spesielt om Reiar og Berta, – ho var tanten til Martin Eikås, far deres:

Carl Ekoos, sønn til Torger Eikås, bror til Berta, var heime frå Amerika fleire gonger. Bildet sammen med Berta ute ved skuten, er nok tatt i 1936.

Rikard Amlie betalte 68.000 NOK når han overtok (Anna).

Her var nok ein liten skut som på bildet med ukjent mann (Kirsten)

Gunvald ville sjølv bli begravt i mora si grav på Bjoa. Berta og Reiar låg ikkje i samme grav. Sjekk med kyrkjekontoret i Ølen (rådhuset).

Lars Eikås gjekk til Gunvald for å kløppa seg når han var guttonge. Sat på stolen (ved fryseboksen) med skyvedørane opne, – for å få nok lys. Han var flink frisør.

Gunvald var forlova ein gong. Då forholdet tok slutt, blei han dårlig reint fysisk og havna på Valen ein periode (Kirsten)

Det var Gunvald som bygde Sjøhuset. Han flytta til Naustnes samtidig med foreldra.

Bernhard og Lars Håvardsholm var sønner av Simon Håvardsholm, bror til Berta.

Horisontal_collection_I Art Conte C Lines added 2

 

Gunvald Stueland

Eigedomen vart overført til sonen Gunvald, etter at Bærta døydde i 1953. Gunvald var ungkar. Det var han som bygde
sjøhuset, det malingsslitte sjøhuset midt på bildet, og starta tønnefabrikk der. Dette må ha vore i siste del av 1930-
talet. Det var sagbruk i første etasje og bøtgerverkstad i andre. I tillegg budde Gunvald i andre etasjen i ein leilighet
med kjøkken, sovealkove og stove, – etter at han rauk uklar med far sin.

 

Gunvald budde her heilt fram til helsa ikkje lengre strakk til på 1970-talet. Han døydde i juli 1972.

Horisontal_collection_I Art Conte C Lines added 2

 

Richard Amlie overtar

I 1971 blei eigedomen kjøpt av Rickard Amli, Haugesund, og har etter dette blitt nytta som fritidsbustad. Han overtok eigedomen for 68 tusen kroner.

Horisontal_collection_I Art Conte C Lines added 2

 

Dagens bruk og videreutvikling

I 1997 vart eigedomen seld til oss som eig det idag, Liv Eikehaugen og Halstein Sæbø.

Godset satelittfoto

<Galleri her>